Gordon Banks
Utsjånad
|
Gordon Banks i 2007 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Gordon Banks | ||
| Fødd | 12. februar 1937 | ||
| Fødestad | Sheffield i England | ||
| Død | 12. februar 2019 (81 år) | ||
| Dødsstad | Stoke-on-Trent i England | ||
| Høgd | 185 cm | ||
| Posisjon | Målvakt | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1958–1959 | Chesterfield | 23 | (0) |
| 1959–1967 | Leicester | 293 | (0) |
| 1967–1973 | Stoke | 194 | (0) |
| 1967 | → Cleveland Stokers (lån) | 7 | (0) |
| 1971 | → Hellenic (lån) | 3 | (0) |
| 1977–1978 | Fort Lauderdale Strikers | 37 | (0) |
| 1977 | → St. Patrick's Athletic (lån) | 1 | (0) |
| Totalt | 558 | (0) | |
| Landslag | |||
| 1961 | England U-23 | (0) | |
| 1963–1972 | England | 73 | (0) |
| Trenar for | |||
| 1979–1980 | Telford | ||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Gordon Banks (30. desember 1937–12. februar 2019) var ein engelsk fotballspelar frå Sheffield som spelte 73 landskampar for England i tida 1963-72 og vakta målet då England vann VM i fotball 1966 på heimebane. Han spelte på Chesterfield FC 1958/59, Leicester City 1959-67 og Stoke City 1967-72. Banks vann ligacupen 1964 med Leicester og 1972 med Stoke. Han la opp i oktober 1972, etter han miste synet på eit auge i ei trafikkulukke.
Banks vart rekna som den beste fotballmålvakta i verda i siste halvparten av 1960-åra. Ei redning av ei heading frå den brasilianske spelaren Pele under VM i fotball 1970 har nærast fått ein ikonisk status.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1966 for England
- Vinnar av ligacupen: 1972 med Stoke City
- Finalist i FA-cupen: 1961 og 1963 med Leicester City
- Finalist i ligacupen: 1964 med Leicester City
- Britisk meister: 1975, 1966, 1968, 1969, 1971 og 1972 for England
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gordon Banks» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2016.